Tru:D 3 - Krøllekveld


Velkommen til Krøllekveld for alle 3-åringar saman med foreldre. Denne ettermiddagen håpar me vert ei hyggeleg stund for deg og barnet ditt med song, rørsle, forteljing og sosialt samvær. Saman skal me lesa og høyra forteljinga om ein liten sau som gjekk seg vill.

Alle barn som kjem vil få boka «Kvar er Krølle» med seg heim. 

 

Kva er Krøllekveld?
Krøllekveld er ein del av trusopplæringstilbodet i kyrkjene på Bømlo. Kyrkja ønskjer å støtta og hjelpa deg som forelder i å oppdra barnet i den kristne trua slik de sa ja til då barnet vart døypt. Gjennom Krøllekvelden ønskjer me å gi deg som forelder lyst til å lesa og reflektera saman med barnet ditt rundt mange av dei spennande forteljingane ein finn i Bibelen.

Tilbake