Ein søndag rett før påske inviterer me alle sjuåringar til ei påskedramagudsteneste. Då får sjuåringane vera med å dramatisera påskedramaet.
Dette er ei spennande og heilt annleis gudsteneste der me får innblikk i alt som skjedde frå palmesøndag til påskedag. Du som er sjuåring får vera med å dramatisera hendingane som skjedde. Me øver litt før gudstenesta.
Gudstenesta er open for alle. Kom gjerne heile familien med foreldre, fadrar, besteforeldre, søsken og vener til gudstenesta.