Hovedansvaret for gudstenester og kyrkjelege handlingar er lagt til presten. Utover det ligg den kyrkjelege myndigheit på lokalplanet til soknet, representert ved soknerådet og fellesrådet.«Soknerådet trekk avgjersler og opptrer på vegne av soknet når det ikkje er fastsett i eller i medhold av lov at myndigheta er lagt til kyrkjeleg fellesråd eller eit anna organ» (Kyrkjeordning for Den norske kyrkje § 8 annet ledd).
Det er soknet som er den grunnleggande eining og rettssubjekt, men det er to organ som opptrer på vegne av denne grunnleggande enininga: Soknerådet og kyrkeleg fellesråd. Soknerådets ansvar kan utleiast av kyrkjeordning for Den norske kyrkje § 12 og § 17, av gudstenestebøkene og av vedtak i Kyrkjemøtet. (Kjelde: kyrkja.no)
Soknerådet i Bremnes består av:
Leiar |
Kjersti Mæland |
Nestleiar |
Åse Innvær |
Kasserar |
Jorunn Folgerø-Holm |
Sekretær |
Margot Totland Laurhammer |
Medlem / FR |
Torleiv Fylkesnes |
Medlem |
Linda Nordtun |
Medlem |
Trond Haldorsen |
Medlem / FR |
Asbjørn Egil Esperø |
Sokneprest |
Asbjørn Helge Gundersen |
FR = soknerådets representant i fellesrådet